onsdag, november 21, 2007

Mørketida inntar Tromsø

Etter maaaange blogginnlegg med Jofrid som forfattar, er det vel kanskje på tide at nokon av oss andre òg bidrar litt...

Denne løvetannen har forlengst sett sine beste dagar (og har forsåvidt ikkje så veldig mykje med dette innlegget å gjera heller...) Nå er det kulde og mørke som rår om dagane her i nord. Men mørketida kan jo igrunnen vera ganske koselig den. Høyr bare kva mine kjære venner i Gåsebingen gjer når dagane blir mørke....

Elisabeth har studiedag heima. Med ullpledd og stearinlys, kaffikoppen i den eine handa og eit kompendium om samane sin historie i den andre, trur eg egentlig ho har det ganske godt. Iallefall viss det kjem ein melding frå hennar kjære innimellom :)

Jofrid er på mørketidsfest i barnehagen. Det er viktig å feira det som feirast kan!

Karin ringte akkurat og lurte på kva ho treng for å bake horn og muffins. Hjå henne våkner visst husmorinstinktet når det blir mørkt ute, kjekt for oss andre :) Også har ho kjøpt adventslys. Er ikkje lenge til nå...

Eg for min del, har vore på skulen heile dagen. Har hatt prehospital traumatologi (kva du skal gjera viss du kjem til ei trafikkulykke e.l.) og hekla sjal, egentlig ein ganske fin kombinasjon... :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

ååååå du får mørketiå te å hørrast idyllisk ud...savne det faktisk litt nå.her va det faktisk mørkt i 4 tiå i går,e det muligt.så mørketiå i tromsø e oppskrytt.det e kje så forskjelligt.

Briten sa...

mørketiå e ei fine tid... savne den!! så kjekt å lesa ka dåkk sysle me der oppe, bra du tar tak heidi!!