tirsdag, august 21, 2007

Middagsbesøk


Søndag fekk Gunnhild og Briten sin trøstepremie!
Takk te mor som laga middag.
Meir har eg ikkje å sei om denne saken.

onsdag, august 15, 2007

Fasit og premiering

Svar på quizen = Laksefisking
Her ser dåkke ka kikkerten blei brukt te. Sjøen bør vera ganske rolige ellers e kikkerten te liten nytte.Ser dåkke korkane som flyte og helde nota oppe. Byssa vil seia å dra opp garnet. Byss er det som ligg under korkane. "Kalven" har eg dessverre ikkje bilde av. Den får bli et mysterium.
Meg og morgenens fangst. Me sjekka nota morgen og kveld dei dagane det stod på. Det va opptur dei gongane me fekk någe og så klart nedtur dei gongane fangsten uteblei.
P.s. Dåkke kan skimte steinsvansen bakpå traktoren. Laksen måtte vegast og resultatet blei loggført. Den største me fekk vog litt over 14kg. Den minste va litt under 2 kg(såkalla svidde). Som sagt fekk me ein laks som va merka. Dette merket samt opplysninger om vekt, lengde og kor den var fanga måtte sendas te "NINA" i Trondheim.
Viss du sko sjå små flate rompetrollignande ting på laksen, så e det mest sannsynligvis lus.

Så va det premieringa då. Ingen klarte jo å tippa rett(ikkje forstår eg, med dei fantastiske hinta...)Det vil sei at alle deltakarane(her:briten, Gunnhild,anonym og alle andre som lot vera å tippa og ikkje visste svaret) rase ned til minus 10 poeng. Ups...det vil sei at dåkke faktisk skylde meg ein middag. Gunnhild eg trur eg tar "trollis". Briten, kanskje tacospagetti-retten? Anonym- pannekaker med flesk(bacon) e absolutt ein av mine favoritter!Dåkke andre: Eg e veldig gla i grøt, fiskagrateng, fiskapinner,mårpølse,pizza,komla,kjøttkaker. Eg beklage viss det kom som et sjokk, men husk: Dette e jo ikkje ein vanlig quiz, men ein "Middagsquiz"!!!

Men siå eg e i godlage i dag, så ska eg gjera et unntak. Alle va liga dårlige å tippa, så det blir samme trøstepremie på heile gjengen(som tippa): Middag på Sørbø med innføring i begreper om laksefiske. Dåkke kan jo pugga litt før dåkke komme, så sleppe det bli så flaut under utspørringa.
Har dåkke forslag te menyen? Her gjelde det å ikkje vera beskjeden. Sei nå i frå om det e någe dåkke ikkje lige vertfall(briten og gunn har eg nå litt kontroll på, det e verre med deg anonym). Kor dumt e det ikkje å komma på middagsbesøk og sei at du va mett før du kom(den avsløre me).
Viss middagen ska bli holdt i denne omgang, må det skje før tirsdag.
Fredag kl 5? Lørdag kl 5? Søndag kl 2? Mandag kl 5? Någe så passe?
Dåkke kan komma samme dag heile gjengen eller kvar for dåkke. Passe det ikkje nå, får me ta det ved ein seinare anledning! Greit dåkke gjer beskjed så fort som muligt. Velkommen ska dåkke vera! Glede meg:) P.s. Ikkje gløm middagen dåkke skylde meg.

tirsdag, august 07, 2007

"Ny" blogg


John har fiksa bloggen vår!!!Takk John og takk Åse Kristin for at du invitere meg på spelekveld. Det ska seiast at redigeringa ikkje blei gjort med et tastetrykk. Her måtte ein forstå seg på både engelsk og "blockqoutar". Men eg trur kanskje du har fiksa litt meir enn du sko. Du ser at mens eg holde på å skrive nå, ser eg ikkje et einaste bilde, bare masse bokstavar. Men teknisk som eg e så vett eg jo akkurat kor eg ska skiva for å få teksten på rett plass(nesten vertfall). Klare du fiksa dette òg e komlemiddagen i boks. Viss ikkje e eg redd den tilfeldigvis utgår=)(Endelig fekk eg brukt bilde av dåkke te någe fornuftig).
Då John hadde fiksa bloggen, kunne "spelekvelden" begynna. Sequence stod på menyen denne kvelden, pluss flytande sjokoladekaka m/is(någen som savne mandagskveldane i Gåsebingen?) Ser dåkke at de grønne ligge bra an=)5 på rad så har du vunne(eg og Marie va grønn)
Sequence anbefales!!! Lett å læra, lett å vinna=)
Kvelden blei avslutta på trampolinen. Sko ønska eg hadde energi som ein unge igjen!
P.s. John, eg e redd du nå e blitt bingens faste bloggfiksar.

søndag, august 05, 2007

Sommarens happening????

På tide med ein aldri så liden quiz....alle hjerter gleder seg<3
Flott, då e det bare te å begynna å tippa.
Men først må dåkke få någen ledetrådar.

- Oppturer og nedturer
- Kalv
- Morgen og kveld
- Någen familiemedlemmer heilt i gassen, andre liga holdne(eg ligge midt imellom)
- Innholdet på steinsvansen gav svar på første punkt(någen så ikkje vett ka ein steinsvans e...då får dåkke spør ein bonde dåkke kjenne)

Spørsmålet e som følger: Ka e så denne happeningen eg vil fram te(som forøvrig har foregått denne veka)?

onsdag, august 01, 2007

Intervju med lillegutten min(for det e det han e)

Her komme et aldri så lite intervju med lillebroren min, som eg har snakka så fint om te dåkke(dei eg har snakka me han om te då...). Eg spurte kossen han ville ta seg ut, om han ville ta seg bra ut eller vera sportslig eller..... Det måtte jo bli alt. Eg ville egentlig kommentera dette første bilde her, men det fekk eg ikkje lov te. Det tale for seg sjøl påstod han. Har me tatt det, så må me stå for det, meinte han. Godt han har lagt seg nå, så kan eg legga te kommentarar der eg føle for det.... Om eg ska få lov å beskriva han med någen setningar må det bli: Den beste lillebroren eg har(hehe..ska ikkje røba kor mangen eg har) som får meg i godt humør. Han elske å pirka bort i og egla meg. Mann/gutt med få, men utvalgte ord. God på kjøkken, om han bare vil. Får meg te gjera mest alt han ber meg om(som å pakka bagen hans), te søstera mi sin store fortvilelse. Men så gjere han det mesta eg ber han om òg , utenom å tørka støv då(det nekte han). Me har det greit sånn. Så påstår han at han har italiensk hår(det har liksom ein frisør sagt te han) og spanske gener. Kvar med sitt.....

Någen grunnsetningar(det va ordet han brukte) om lillebroren min
Mat: Blodpudding med masse makaroni
Musikk: Tom Waits, Radiohead, Sufjan Stevens
Sivilstatus: Singel
Film: Apocalyse Now
Politikk: Sentrum, aning høyre
Studier: Lektor om någen år
Fotball: Arsenal og Tyskland

Spørsmål 1: Ka vett du egentlig om dei 3 eg har budd med dette året(me må jo tross alt retta dette innlegget litt inn mot gåsebingen)?

Du har vel budd med Briten. Hu ser ud som ei lita vimsa, og i og med at hu kalles Briten, så bør hu vera minstemann og det spele hu på. Gunnhild, hu stikke seg bare fram i aviser og e lite imøtekommande med meg sjøl om eg sa hei fleire gonger på Ul( Dette her vett eg ikkje om eg finne meg i Gunnhild. Ingen får lov te å oppføra seg sånn overfor broren min). Hu sista har gått meg hus forbi dessverre.

Spørsmål 2: Ka tid komme du på besøk te Tromsø då?

2018.

Spørsmål 3: Kan du læra oss ein ting om ka som helst? Dåkke ser at bror min e veldig flink på å læra meg "verdt å vite" ting. F.eks. ka tid me fekk vår første erkebiskop i Norge eller andre meir eller mindre nyttige ting.

Det ryktes at Sufjan Stevens skal laga ei temaplate om alle dei 50 statane i USA. Han har til nå lagt plata om to, Michigan og Illinois.


Spørsmål 4: Kommentar til bilde?

Trenge det kommenterast!

Spørsmål 5: Dette ska eg vertfall ha ein kommentar te dette. Eg har rydda itte deg i heile sommar.

Eg kan godt legga meg flate, men det forandre jo ikkje saken. Det har någe med dette her å vera heima på ferie(liksom eg,Jofrid, òg ikkje e det). Dessuten så prøve eg å promentera deg som ei god kåna og du får nå verdifull publikasjon(tusen takk, sette veldig stor pris på det ja...)

Spørsmål 6: Eg pleie alltid la mine intervjuobjekter få komma med spørsmål sjøl, någe de vil bli spurt om. Så ver så god, spørsmål og svar te deg. Har eg(Bernt) vunne Menighetscupen 3 år på rad?

Nei! Bare 2.

Spørsmål 7: Kossen gjekk det egentlig med Tour de France spelet ditt?

Vett ikkje. Gjekk lei. Ja..tenke,tenke... trenge ikkje sei meir.

Spørsmål 8: Ka så gjere at du har så fantastisk irriterande god husk? Du huske alltid årstalet på alt muligt. Viss me sitte heima rundt kjøkkenbordet og diskutere et eller aent me har gjort, så blir det ofta snakk om- ka tid va nå det. Alltid e det Berntemann som vett det då.

For eg har ein hjerne som e god til å setta ting i sammenheng og eg henge det på sportsknaggar, og då spesielt fotball-VM.

Spørsmål 9: Ein aldri så liten test- Ka årstall va me på Fangekasa?

Hehe...nå slite han. Har sikkert ingen sportsbegivenhet å henga det på...etter ein tenkepause -96, må det vera. -95 var me i Danmark. -97 var eg 12 år å sykla til Bergen. -98 var me i Danmark igjen, så det må vera -96.

Eg har ikkje peiling, så han kan jo lura meg trill rundt.

Spørsmål 10: Du ska få et sportsspørsmål. Eg huske at eg blei så irriterte på at han kunne alle VM sluttspela på rams då han var liten(mindre). Det var juks å pugga sånt. Men eg ska kanskje ikkje sei så møje, eg har nå pugga heile livet te alle prøvar. Kan du dei ennå eller?

Jadå. VM starta i 1930.

Eg vil ha svar på lag og land i 1954?

Det blei arrangert i Sveits, og Ungarn var stor favoritt, med legendariske Ferenc Puskas på laget. Dei knuste Tyskland i innledande runde, men Puskas blei skada og var ikkje med før i finalen, då dei igjen møtte Tyskland, og sjokkerande blei slått 3-2. Nå må eg gå å legga meg.

Det va det intervjuet. Eg trur han har fått vist si sportsliga sia, så då e han sikkert fornøyd. E det någen som lure på någe så e det bare å retta spørsmåla til meg.