Elisabeth har studiedag heima. Med ullpledd og stearinlys, kaffikoppen i den eine handa og eit kompendium om samane sin historie i den andre, trur eg egentlig ho har det ganske godt. Iallefall viss det kjem ein melding frå hennar kjære innimellom :)
Jofrid er på mørketidsfest i barnehagen. Det er viktig å feira det som feirast kan!
Karin ringte akkurat og lurte på kva ho treng for å bake horn og muffins. Hjå henne våkner visst husmorinstinktet når det blir mørkt ute, kjekt for oss andre :) Også har ho kjøpt adventslys. Er ikkje lenge til nå...
Eg for min del, har vore på skulen heile dagen. Har hatt prehospital traumatologi (kva du skal gjera viss du kjem til ei trafikkulykke e.l.) og hekla sjal, egentlig ein ganske fin kombinasjon... :)