mandag, september 17, 2007

Ekte søndagsmiddag

Søndag var det ekte søndagsmiddag hos Helga og Svein. Svinesteik med grønnsaker, vanlige poteter og fløtegratinerte poteter. Bordet var til og med dekka med krystallglas. Det var kjempegodt(heilt på høgde med grøt:)



Gunnhild, Helga, Svein og Rolf
Det blei også tid til ein omgang Bonanza mens me venta på det utsøkte måltidet.
Dessert fekk me forresten òg. Helga påstår hu ikkje e husmor...haha...eg må le. Du e det Helga, om du vil eller ei!!!!
Ser ut som eg må laga middag sjøl i dag. Någen som kan tippa...Nei, det blir ikkje grøt. Eg ska nemlig ha pannekaker. Det ska seiast at eg ikkje har hatt pannekaker etter eg kom opp i haust, så det e på høg tid.

Ei lita ønskelista te mor (og Inger) for "haustferien":
- Tørrfisk
- Mårpølsa(for dei som ikkje har smakt dette, så e det bare fantastisk godt. Viktig tilbehør e makaroni)
- Komla
-Kjøttkaker eller kjøttboller
- Plukkfisk(det står øverst på ønskelista faktisk)
-Heimelaga pizza
-Mor sine pannekaker(mine blir aldri så gode som mor sine)
-Lørdagsgrøt


P.s. Når det e bare eg som lage innlegg på denne bloggen blir det litt einspora. Men neste innlegg ska verken handla om syden eller middag:)

Ingen kommentarer: