søndag, juli 15, 2007

Jelsa-weekend

Ja, eg er fullt klar over at her er det eit forferdeleg irriterande kvitt, tomt område, men eg klare dessverre ikkje sletta det. Delete-knappen har eg brukt og fleire andre med. Det endar med at eg forandre layouten i staden kvar gong eg er inne for å redigera. Teksten krympe meir og meir i samen. Så frå først av var dette eit heilt okey innlegg(me snakkar då layout)......Problemet trur eg er alle biletene eg leggjer inn etterkvart, som alltid havner øverst på sida, og som eg må dra ned på rett plass. Med på tanken.....det er då det tomme området oppstår og som er umogleg å sletta(for meg vertfall). Nok om dette...........les om Jelsa-turen heller.

Eit rykande ferskt innlegg frå helgaturen til Jelsa.
Etter at eg hadde gått litt rundt i Stavanger by for meg sjølv, ete ein McFlurry(?) på ein benk ved Breiavatnet, rusla eg ned til båtterminalen og sette meg på venterommet. Der rakk eg å oppdaga ein kjendis, før Briten og Gunnhild kom valsande med hendene fulle av bagar og posar. Ikea kan vera greit når ein skal flytta for seg sjølv. Kven kjendisen er kan dykk bare lura på.

Tradisjon tru var det grøt på lørdagen. Her er det Briten som er røresjef.
Det blei ein del speling i løpet av helga. Gunnhild var umulig å slå i Ticket. Glise seie vel sitt....full kontroll!!!
Briten var taparen, men ho klarte å skrika seg til ein andre plass ein gong.
Lørdagskvelden var det opphaldsvêr. Då tok Gunnhild oss med på ein aldri så liten omvisning på Jelsa. Første stopp var "Jelsapresten". Eg måtte slå opp på internett nå då eg kom heim for å finna litt meir ut om Jelsapresten. Dette var noko av det eg fant(rett kopiert):


Skriv det på Jelsapresten`
I gamle dagar var Jelsa eit sentrum for Ryfylke og med det hadde òg presten her høg status. Det er knytt mange historiar til dei ulike prestane som gjorde teneste her, men mest kjend er det uttrykket "skriv det på Jelsapresten". Ikkje berre lokalt, men i heile fylket og til og med andre stader i landet høyrer ein folk reagere spontant med "skriv det på Jelsapresten". Det er ulike teoriar om korleis dette uttrykket vart til:
Ein går ut på at ein (eller fleire) av prestane var både rike og gåvmilde, slik at folk i naud kunne få lov til å "skriva det" på presten når dei var hos handelsmannen.
Ein annan seier at det kjem seg frå ein fest ein eller annan stad der det vart ete og drukke både vel og lenge, og at ein som ikkje kunne gjere opp for seg, sa at dei kunne skriva det på presten, han var rik nok til å betala. Slike replikkar fester seg gjerne lett i minnet og vert teke opp att slik at dei går inn i vanleg språkbruk.
Uttrykker kan og skriva seg frå den tida presten hadde ansvaret for fattigkassa og dermed ga fattigfolk høve til å handle på hans rekning.
Ei tolking som ikkje knyter uttrykket direkte til Jelsa, kan vere at ein som handla på presten si rekning, eigentleg sa: "Skriv det på gjeld, sa presten". Dette vart misoppfatta til "skriv det på Jelsapresten", men er vel ei lite truleg årsak til uttrykket. Og for Jelsa ville det sjølvsagt vore eit tap om det var det rette...
Fritt etter "Jelsa oppvekstsenter"





Etter taking av bilete ved sida av "Jelsapresten" tok me turen ned til kaien og gamledelen av Jelsa. Trege på at eg ikkje tok nokon bileter av husa der. Men den gamle trekaien som "Inga" dessverre tok knekken på, har eg fått med.


Søndagen fyrte me i peisen/ovnen. Gunnhild du var dyktig flink, sjølv om du måtte ta ein telefon til han far.....men det er ikkje noko nederlag Gunnhild. Kven veit vel korleis "trekken" fungerar?

Til slutt vil eg bare takka for ei kjempe helg saman med dykk to. Eg vil òg retta ein ekstra stor takk til personen som hadde laga den fantastisk, geniale, superbra lista som hang på kjøleskapet. Det varma mitt hjarta å sjå slikt=) Eg skal innføra det her heima i huset òg.

Ser dykk at eg ikkje har blanda bokmål, nynorsk og dialekt i ei herleg "mølja" i dette innlegget. Det var vertfall meininga. Men bare kom med kritiske merknadar på ting som ikkje var som det skulle....det er sikkert nok å setja fingeren på.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg gremmes....det blei jo Heilt forferdeleg etter at eg skreiv det eg skreiv øverst i innlegget. Før eg hadde skreve det var det bare forferdeligt.
Kan någen som har kunnskaper på området vera så snill å seia ka eg gjere galt. Eg forstår det bare ikkje. Det har jo gått greit før....

Anonym sa...

Åh! kor koselig det så ut! skulle ønske at æ kunne vært der i lag med dåkker!!! Kjente at æ fikk litt Tromsø-og bingen lengt! Jofrid, kordan skal vi klare oss i Bingen uten pien vårres? Og kordan skal vi klare oss i Tromsø uten Briten?
Det nye med dettan innlegget, va værtfall at alt va så smalt. De kvite feltan har vi sånn høvelig vent oss til no.... ;)

Anonym sa...

Me mangla deg Elisabeth i helga, det e klart. Gunnhild og Briten e alltid velkommen i Bingen og dåkke får faktisk disp. av meg te å skriva innlegg på Gåsebingen fortsatt(tenk det du!), sjøl om dåkke e flytta ut. Forandre ikkje passordet med det fysta.
Briten blir absolutt et stort savn i Tromsø og det har me sagt te deg før, så me håbe du e klar øve det.
Men me ønske deg lykke te her/der sør. Du komme te å klara deg utmerket,den dyktige førskulelæraren som du e. Håbe du savne oss òg litt, så det bare ikkje blir med snakket om å komma på besøk=)Godt Gunnhild ikkje gjer søring av seg med det fysta!!!

Anonym sa...

det va ein fantastiske tur jenter, å elisa va klart et sårt savn...

takk for varm omtale, eg komme te å sakna dåkke og, å eg love å komma på besøk!! å då MÅ dåkke komma te meg på Hinna!!(=