mandag, juli 07, 2008

Sommar i bingen...

Gåsebingen har visst gått i "sommardvale"... Er iallefall lenge si sist innlegg.

Kanskje også fordi dei to ivrigaste bloggerane våre har forlatt oss??! Kjeme til å savna dåkke Jofrid og Elisabeth!!! Takk for et flott år isamen med dåkke her :)
Er alltid velkommen tilbake vett dåkke!

Nokon går og andre kjem... Kristin har allerede flytta inn, og Britt Lene kjem iløpet av sommaren. Velkommen!! :)

Eit av høgdepunkta den siste måneden var Midtsommartreff. Utrulig flott å vera så mange unge samla om Guds Ord! Her frå St.Hans feiring i Tromvik.


Eit anna høgdepunkt var besøk hjå Marte & Jone (søster & svoger) som for tida er utvekslingsstudentar i Tûbingen (sør i Tyskland ein plass). Hadde ei veldig fin veke saman med dei to :) Me gjekk tur, grillte, spelte Ticket, var på båttur (stockerkanh (?) ligne litt på sånne gondolar som dei har i Venezia, ganske stiligt!), kikkte på gamle hus og slott og sånnt. Også var eg og Marte ein tur i botanisk hage og studerte blomster frå alle verdas hjørner -er jo ikkje gartnerdøtre for ingenting ;)

Var også på sykkeltur ein dag. Eit par mil på sykkelen i ca 30 grader er ein ganske varm fornøyelse! -Men òg ein flott tur :)




Tilbake i Tromsø igjen kan eg legge vekk sommarkjolar og sandalar. Her er det langbukse og ytterjakke som er tingen! Har 8 vakter igjen på kreftavdelinga, også reise eg heim på sommarferie! :)

GOD SOMMAR alle isamen!

-Heidi-

4 kommentarer:

Marte Gard Ullenes sa...

Takk for besøket! Veldig kjekt å ha deg her. Gleder oss til sommarferie heime på Talgje.

Jone Ullenes sa...

Bar ein liten korreksjon: Eit par mil på sykkelen var å ta litt svakt i. Me sykla iallefall fire mil. Rett skal vera rett.

Veldig kjekt med besøk av deg, Heidi!

Ingelin S sa...

Kjekt å lese, Heidi! =) Når reiser du til Talgje??? Vi skal være der 11.-16.juli og 23.-27. juli etter planen...! Håper vi treffes! =)

Du er uansett også velkommen til Ogna mens du er hjemme! =)

Heidi sa...

Kjeme t Talgje ca 18.juli, så me treffes nok :) Besøk t Ogna må jo òg gå an å få t! :)