onsdag, april 01, 2009

Misjonsmarka vår

Ca 2 1/2 times kjøring frå Tromsø, inkludert obligatorisk stopp i Nordkjosbotn, ligg Kåfjord (ein plass i Nord-Troms for dei som ikkje er så stø i geografien nord for Trondheim...) Mellom bratte og trange fjell i Kåfjord finn me ein liten bygdeskule. I helga var det barneleir der. 34 ungar og 8 ledarar (deriblant eg og Britt Lene) + 2 flinke x-gjess på kjøkkenet (Jofrid og Gunnhild) gjorde at helga blei alt anna enn kjedelig! Litt rangling, krangling og masing gjer jo at ledarane får satt tålmodigheten sin på prøve... Men stort sett hadde me ei veldig fin helg, med masse koselige ungar :)


Hadde eit heilt fantastisk flott vèr! Og då må me sjølvsagt ut!!



Har hatt planar om pølsegrilling på nesten kvar einaste leir (denne leiren var faktisk nr 9 i rekka, si me starta opp med leirane i Kåfjord for eit par år si!), men blir ofte pølser frå gryta inne pga dårlig vèr, denne gongen derimot var det ingen tvil. Pølser steikt på bål er aller best!



På toppen av verdens beste (??!) akebakke...!









Det er misjonsmarka vår dette. Barnelaga ligg ikkje like tett her som i visse andre delar av landet (...), og det er ikkje alle ungane som får mulighet til å bli kjent med Jesus. Då er det flott at dei kan få vera med på leir! I ein av "yndlingssangane" på leir syng me:


Jesus døde for meg på Golgata, døde der for Han elsker meg!


Opp på korset han tok min synd på seg, Jesus lever, lever i dag!


Tenk om dei kan få med seg det budskapet! Og tenk om me får møte nokon av dei igjen i Himmelen ein dag! -Då er det verdt det, alt isaman...



PS: Misjonsarbeid som dette kostar faktisk ikkje misjonen ei krone... -Og er sikkert ikkje umulig å få til andre plassar i landet òg! På skulen i Kåfjord er det ein kristen lærar som er kontaktperson, "PR-sjef" og vår gode hjelpar (kunne aldri blitt leir utan Ragnhild!!). Det fins heilt sikkert nokon sånne rundt omkring, som er meir enn villige til å stille opp dersom nokon vil dra i gang ein leir eller to...




1 kommentar:

Solfrid sa...

Det var et fint innlegg, Heidi! Deilige bilder av deilige Nord-Norge, og fin oppmuntring til billig/gratis misjonsarbeid! Dere er veldig flinke! Ungene i Kåfjord er jammen heldige! Må dere alle i bingen ha ei god påske!!
klem