tirsdag, desember 23, 2008

Litla-julaftå i Tromsø...

Det er stille i huset nå. Dei fire andre har reist på juleferie, men eg har fremdeles eit par dagar på jobb før eg kan reise sørover... Så då blir det altså jul i Tromsø denne gongen. Heilt annerledes enn alt det eg er vant med frå tidligare julfeiringar. Heldigvis er me mange sjukepleiarar som blir igjen her oppe, så me får holda isamen, og feira litt når me har fri :) Etablere et aldri så lite "søster-hjem" hjå Cathrine S. for anledningen, så eg trur me skal få det ganske så fint egentlig... ;)

-Og julebudskapet, det er alltid det same, uansett koss det er rundt oss!



Om det regnar og blæs, det blir jul likevel,
det blir jul om det stormar frå morgon til kveld.
Det er jula sin bodskap som samla oss skal,
kring eit barn som vart fødd i ein stall.

Om eit snøteppe legg seg lik kvitaste lin,
eller skyene stengjer for sola som skin.
Det blir jul når vi samen med frelsaren bur,
når vi kneler ved krubba og trur.

Om vi reiser mot syd, bort frå landet her nord,
eller bur på den kaldaste plassen på jord.
det blir jul i kvar stove, og jul i kvar krå
når vi himmelens konge får sjå.

Om vi blir der vi er, eller reiser langt bort,
om vi tenkjer på alt som vi ikkje fekk gjort.
Det blir jul i det hjarta som bøyer seg ned
for det barnet som kom med Guds fred.

-Haldis Reigstad-



Vil ønska alle ei GOD JUL på vegne av oss 5 i bingen.... :)

-Heidi-

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann kjære Heidi!
Vil bare ønske dæ ei riktig riktig god jul! håpe du kan trives og kose dæ, sjøl om det blir Tromsø og arbeidsjul. Hils de andre som også e der kjempemasse, og god tur heim, når den tid kjem.
Stor og varm juleklem fra Elisabeth

Anonym sa...

God jul! Håper dere får det kjekt selv om det ikke blir hjemme og det blir jobb.