lørdag, desember 26, 2009

Rogalandsk julestemning

Me har hatt kvit jul i år, og på øyane i Ryfylke (og resten av Rogaland òg forsåvidt) er det litt av ein sensasjon! Ein så stor sensajon at me bare ut og knipsa bilder, og me bare snakka om det til alle me møter. Litt action blir det òg, for kven er vel vant med å kjøra på glatte vegar, og kven hugsar vel kor snømåka er gøymt vekk (viss ein i det heile tatt har snømåke). For ikkje å snakke om alle trea som slett ikkje er herda til å tole slike snømengder. 20 cm snø er nok til å sperre av vegen med svære greiner og slik dele øya vår i to...
Eg er fullt klar over at dei i nord ler av "søringan" som lager slikt oppstyr av litt snø, og eg må jo innrømma at eg ser det komiska i det. MEN eg vil likevel påstå at 20 (ja, kanskje heile 30!) cm snø på Talgje kan måle seg med 1 1/2 meter i Tromsø -minst!











Blir iallefall nydelig julestemning av all snøen, og her i heimen har me ingen grunn til å klage på utsikten!
Har ei fin jul ilag med venner og familie heima på Talgje. Førjulsfest på "Eldhuset" med barndomsvenniner, grautdag med nissebesøk på butikken, julegudsteneste, familieselskap og mor sin julemiddag... Ubetalelig... Må innrømma at eg liker mykje bedre jul på Talgje, enn sjukepleiarjul i Tromsø...
Vil ønska dåkke alle ei fortsatt GOD JUL!
-Heidi-



søndag, desember 06, 2009

Da va julemæssa overstådd...

...hær e nån bilda førr de som ikkje fikk mulighet tell å kom!

Læsta i lange bana...

Fin julepynt som ho Heidi har laga!

Dropslaging - en gammel og kjær tradisjon i Bingen

Resultate...mmMMmmmMMMmmmmMM