tirsdag, april 27, 2010

Kvardag

Det er ikkje akkurat tidenes mest oppdaterte blogg dette her. Men sjølv om det er litt stillstand her på "gåsebloggen" betyr det ikkje nødvendigvis at det ikkje skjer nokon ting i liva til oss her i gåsebingen. Dagane våre er fyllt med større og mindre viktige begivenheter (kankje mest av dei mindre viktige...) Og i eit kollektiv med 4 jenter der ingen av oss vel lever eit heilt vanlig A4-liv, blir ingen dagar heilt like.



Si sist blogginnlegg har eg (Heidi) komt heim frå 3 veker i Bolivia (ilag med dei fantastisk herlige Fjellheimelevane "mine"), Britt Lene har skreve ferdig bacheloroppgave, Jofrid har slutta i jobben (har gått frå fast jobb som økonomiassistent til barnehageassistent-vikar...) og Karin -ja hu selge (og kjøpe) sko som før og holde dessuten på med eit veldig spennande prosjekt -men det vil me ikkje sei kva er...



Det ryktes at det går mot vår i sør. Her i Tromsø er det ikkje så mykje anna enn stemorsblomstene på trappa som minner om det...




...heldigvis tåler dei snø og kulde, for det har me meir enn nok av (59 cm i dag var det nokon som sa). Har bare snødd og snødd dei siste dagane. Snøen i april/mai kjem visst like overraskande på oss kvart år. Veldig fint, men..... Me får vel bare finna oss i at boblejakke, vottar og hua ikkje kan pakkast vekk heilt ennå.



Det kan jo uansett vera greit å minna oss sjølv (og alle andre) på dette:




(Litt feil veg på dette bildet ja, sånn kan det gå...)



Tilslutt eit bilde av Fjellheim-elevane (+ nokon misjonærar og lokale ledarar)

langt oppe i Andesfjella ein plass:



NLM (og Norge) si framtid -det love godt!! :)

1 kommentar:

Anonym sa...

mwtz czxbe [URL=http://www.bigtits234.com]Big Tits[/URL] gtavcj n np e uao